Generell informasjon

Postadresse
TELEMARK TREINDUSTRI AS
Sundsmoen Industriområde
3855 TREUNGEN

E-post
Tlf 35045400

Søk

Search
Produkter  
Takstolar
Telemark Treindustri er den største takstolprodusenten i fylket. Årlig leverar me om lag 16.000 takstolar. Med produserar takstolar til alle føremål, frå små tilbygg, garasjar, hytter og einebustader, til store offentlege institusjonar og industribygg.
I tillegg til dei tradisjonelle takstolane, leverar me også det som skal til av limtre/stål i dei ulike konstruksjonane.

Veggelement
Me har investert i ei moderne produksjonslinje for veggelement til ulike bygg. Produksjonen er fleksibel, både med omsyn til utforming og storleik.

Å bygge i element gjev deg kort monteringstid på byggeplass og gode tekniske løysingar til faste, gunstige prisar.

Bedrifta produserer idag veggelement for Pors-Garasjen i Porsgrunn.

Prosjektering
Me har eit tett samarbeid med Norsk Tre AS i Porsgrunn. Her vert prosjektering og berekning teke hand om.

Alle delar som skal vere med i eit takverk vert berekningsmessig testa, for trykk og strekk, snølast og andre krefter. Deretter tilkappa på millimetermål og pressa saman før dei vert levert til kunden

Kart


Trykk på kart